This part of this site requires Macromedia Flash Player Version 7 or higher. If you can see this text you either do not have the Flash Player installed or have javascript turned off. Click here to download and install Flash Player.

*
INFORMASJON TIL NYE JENTER

-----------------------------------------
--

Hei, og velkomen!
Jentespranget er ein liten institusjon som har plass til 5 jenter som for ein kortare eller lengre periode ikkje kan bu heime hos foreldra sine.

Me held til på Stord, som ligg mellom Haugesund og Bergen. Det er 5 minuttar å kjøre til Leirvik som er sentrum på Stord. Her finn ein det meste som er i ein by.

Me veit at alle som kjem til oss har det vanskeleg på ein eller annan måte, og at det er skremmande og forvirrande å komme til ein ny plass. Alle me vaksne som jobbar her på Jentespranget skal gjere vårt beste for at du skal trivast hos oss.

Jentespranget er heimen din i den perioden du bur her. Her kan du få hjelp og støtte til å utvikla deg med det du likar og er flink til, og råd og rettleiing til å takla det som du synest er vanskeleg.

Når du kjem til oss, vil du bli tatt i mot av vaksenkontaktane dine. Dei er der for deg slik at du alltid har nokon faste å vende deg til. Dei skal og hjelpe deg med alle praktiske problem som dukkar opp.

Me vil gjere så godt me kan for at du skal trivast og ha det bra. Men likevel kan det vere at du ikkje synest det er godt nok. Om det er ting du er misfornøgd med, eller om du meiner at du ikkje får det du har krav på, kan du klage til tilsynet. Tilsynet kjem på besøk og er der for å sikre at du mellom anna blir behandla omsynsfullt og med respekt.

HEST OG STALL
-----------------------------------------

På Jentespranget har vi ein stor stall der vi har 4 – 6 hestar. Vi legg til rette for at jentene som bur hos oss skal bruke deler av tida si med hestane, og tilbyr opplæring for dei som ikkje har kjennskap til hestestell frå før. Ikkje alle jentene som kommer til oss likar hestar, og dette er heilt greitt for oss. Vi tvingar ingen til å være i stallen, men noen kjekke hesteopplevingar kan det bli likevel.

AKTIVITETAR SPORT OG KULTUR LINKER
-----------------------------------------

Ung i hordlaand


Stord Kulturhus

Stord Idrettspark